top of page
  • Facebook - Black Circle
  • Instagram - Black Circle

Sjå, kjenn, lytt til det naturen, folka og bygda kan by på

Skånevik Naturoppleving 

Ein aktivitets- og opplevingsleverandør som har spesialisert seg på varierte og tilrettelagde villmarksopplevingar for alle som ønskjer eit annleis og spennande eventyr her i Skånevik. Ein av hotellets samarbeidspartnerar.

 

Bøkeskogen på Milja
Rundt 100 år gamal bøkeskog med tilrettelagd natursti. Fint turområde på ein

morenerygg som blei lagt opp under istida av ei bretunge som strekte seg ut i Åkrafjorden. 

 

Skånevik Idrettshall og Skånevik stadion 
Full handballbane. Tennis, badminton, volleyball etc. Fire garderobar. Hallen er til leige. Skånevik Stadion har gras- og grusbane.  6 løpebaner på 400m rundt grasbanen.

Ta kontakt med Liv Astrid Hesjedal         

 

Taraldsøy
Friluftsområde for båtfarande.  Fleire brygger for ilandstiging i nord og aust.  Grillplass og drikkevatn i restaurert naust ved Bøkkerhuset i aust. Fine badeplassar.   

 

Fiske frå land og på fjorden
Det er rikt høve til fjordfiske med utgangspunkt i Skånevik.  

 

Laksefiske i Etneelva
Etneelva er ei av dei beste lakseelvene på Vestlandet.  Den ligg ca. 25 km frå Skånevik.  
Fisketider inkl. Sørelva 1. juni – 10. september. 

 

Lengre turar med utgangspunkt i Skånevik 
Lengre turar med utgangspunkt i Skånevik Attraksjonane i Etne - Baroniet i Rosendal - Halsnøy Kloster -  Røldal Stavkyrkje - Haugesund - Avaldsneskyrkja på Karmøy - Stord - Bergen. 

 

 

Badeplassar

 

Peparen
Holme med brusamband like ved sentrum.  Badeområde med sandstrand og stupebrett. 

 

Sandvik badestrand
Ca. 12 km vest for Skånevik– badestrand med stor grasslette, toalett og parkering.

 

Havnaklubben og Hagavik
To små badeplassar vest for Skånevik sentrum.  Ved Havn småbåthamn ved vegen til Leknestangen.

 

Taraldsøy
Fine høve for bading og grillplassar nord på Taraldsøy.  Også gode solplassar og høve til bading frå svaberg og strendene vest på øya. 

 

 

Serverdigheitar

 

Gjestgjevargarden
Restaurert trehus i Sørlandsstil frå byrjinga av 1800-talet. Kafé med enkel servering.  Laurdagar i sommarferien vert det gratis minikonsertar.  Huset inneheld elles eit lite museum.

 

Norsk Motormuseum 
Vart stifta i 1986 og er eit dokumentarmuseum for norsk småbåtmotor-produksjon.  Ein del større motorer, som har spesiell verdi for Sunnhordlandsregionen, er også å finna i utstillinga til museet. Det tradisjonsrike Pedersens Motorverksted, som produserte Solid-motoren fram til 50-åra, vert montert komplett med maskiner og utstyr i utstillingshallene.

 

Billett: Gratis

 

For meir informasjon, ring:

Skånevik Fjordhotel: 537 70 700

Lars Ebne, formann tlf. 537 55 958 
Ove Wiland Sekretær tlf. 537 55 281

​

House of Blues
Er den einaste permanente livescenen for musikk og andre kulturopplevingar i Skånevik. Her vert det konsertar året rundt, med mange artistar.  Ikkje berre innan blues - dei fleste sjangre vil bli representert. 

 

Minnesmerke
Markerer eit minne om skipsforliset med "Folgefonden" i Skånevikfjorden den 22. august 1908 der 26 menneske omkom.  Ligg i kaiparken ved ferjeleiet i sentrum.   
 

Musikkpaviljongen i Doktorhagen
Musikkpaviljongen i Doktorhagen i Skånevik er reist av midlar frå bygdafolk og Lions Club, finansiert med midlar frå lotteri, innsamlingar og diverse arrangement.  Den blei innvia og levert over til Etne kommune som formell eigar den 3. juni 2000.  Alle musikkrefter i nærområdet har ein ståande invitasjon til å dele si musikkglede her.

 

 

Festivalar

Fyrste helga i juli, kvart år, går Skånevik Bluesfestival av stabelen. Verdas beste bluesartistar kjem til bygda - og her er noko for ein kvar smak. Sjekk ut heimesida for meir informasjon og billettar: 

http://www.skaanevikblues.com​

 

Andre helga i juli, kvart år, lagar me Pippifestivalen i hotellhagen. Det vert sprell og fanteri frå morgon til kveld - med Pippi Langstrømpe i førarsetet. Med teater i hotellhagen, dyrehage, eventyrstunder og herlege, nære rammer rundt det heile, er dette ein plass familien berre MÅ reise til. Garantert mange fine stunder med dei ein er glad i.

Havet aldeles reint, blågrønt
og innbydande utanfor restaurantvindauga.
Rett bak oss - skogkledte åsar
som strekjer seg mot himmelen. Det glir over i majestetiske snaufjell - høgt, høgt der oppe over tregrensa. Kontrastar og naturgitt villmarksvariasjon
- frå fjord til fjell. 

bottom of page