• Facebook - Black Circle
  • Instagram - Black Circle

Skånevik Fjordhotell

Rett blikket mot vest, nyt synet av ope kystlandskap - og draum deg vekk. 

Havet aldeles reint, blågrønt og innbydande utanfor restaurantvindauga.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Rett bak oss - skogkledte åsar som strekjer seg mot himmelen. Det glir over i majestetiske snaufjell - høgt, høgt der oppe over tregrensa. Kontrastar og naturgitt villmarksvariasjon -

frå fjord til fjell. 

 

 

 

 

 

 

 

 

Du finn oss mellom Preikestolen og Trolltunga. Skånevik er perfekt for rolige turar langs merka stiar eller meir krevande toppturar der belønninga for strevet er fantastisk utsikt over kyst og fonn, skog, fjord og fjell. Frå stranda i Skånevik og vest; fjord, øyer og fjell så langt auga kan sjå.

 

 

 

 

 

 

Om du ønskjer avslapping, er vårt hotell ein god stad å komme til. Du kan bruke tid i fjordspaet vårt, nyte matopplevingar i restauranten, og slappe av i baren eller peisestova. 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Om sommaren er vår store, nydelege hotellhage fylt med leik og moro

- eller kanskje strandkos på den idylliske badeøya Peparen kan freiste?

Skånevik Fjordhotel består av eit samanhengande hovudbygg i to etasjar,

og hotellet har 51 rom med til saman 115 sengeplassar. 

I fyrste etasje finn du resepsjonen, restauranten, baren og kjøkenet. Her ligg dessutan konferansesalane våre; Skåno, Peparen og Møterom Vest, Peisestova - samt diverse andre fasilitetar for kos og hygge - som til dømes dansegolv og scene til bruk i forbindelse med konsertar eller øvrige arrangementer.

 

Kaféen vår, Strandkafèen, ligg også på gateplan - og her serverer me mellom anna vår høgt elska pizza som me lagar på ekte italiensk vis i steinovn. Spesielt populær er uteserveringa på sommaren: Utanføre kaféen har me nemleg ein stor terrasse med bord og sitjeplassar, der gjestene nyt mat og drikka med nydeleg utsikt over fjorden.

 

Ønskjer du å nytta wifi, kan du fritt bruke det i heile hotellet,

både på romma, og i fellesareala.

To play, press and hold the enter key. To stop, release the enter key.

press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom

To play, press and hold the enter key. To stop, release the enter key.

press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom

To play, press and hold the enter key. To stop, release the enter key.

press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom
press to zoom