• Facebook - Black Circle
  • Instagram - Black Circle

Idyll i Skånevik 

Bygda ved Skåneviksfjorden er omkransa av flott natur og har ca. 1000 innbyggjarar.  Skånevik har eit variert næringsliv der industri og service står i sentrum.  Kulturen har også ein viktig plass med  store, årlege 
arrangement som Jakt-,fiske- og turdagane,

Torgdagane og Skånevik Bluesfestival, som dei mest kjende. Vi har omsorgssenter, helsesenter, Idrettshall, stadion med grus - og grasbane, ein godt utstyrt b/u-skule i delvis nye lokaler, godt barnehagetilbod, nyoppussa kyrkje og eit flott hotell.

 

Merka turstiar

Skånevik har eit unikt turområde som strekkjer seg frå fjord til fjell.  Her er mange mogelegheiter både for dei som ynskjer seg ein liten ettermiddagstur, og for dei som ønskjer seg ein lengre tur.  

 

I hotellets resepsjon kan du få kjøpt ein flott brosjyre som har tittelwn Skånevik - mellom fjord, fjell, blonder, blues og bedehus. Den har ei teikning av Skånevik sentrum på den eine sida og eit turkart på den andre.  Den er laga av Aksel Tvedt og kostar kr. 30,- med plastlomme.

 

Postvegen mellom Skånevik og Etne  

Del av Den gamle Stavangerske Postveg ( 1785).  Start turen i Skånevik eller Etne.  Merka løype.  Fint utsiktspunkt over Sunnhordland og Folgefonna.  Kvelvingsbru i stein ved Tjelle ovanfor Skånevik sentrum.

 

Leknesnepa  
Skånevik - via Setervegen - Smørklamp - Leknesnepa - Skånevik .  2 - 3  timars tur-retur.  

 

Hodnet 
Åsheim via Erikstien til Hodnet,  4-5 timar tur-retur.

 

Vannesvegen 
Grusveg.  Tur/retur 1 ½ time.  Halvt nordaust for Skånevik med særmerkt landskap, geologi, botanikk m.m..    

 

Prestafjellet 
Åsheim via Erikstien - Nesvåg, 2 - 3 timars tur.

 

Juraskaret 
Rabben - Valdra - Rodalen - Juraskaret, 3-4 timar tur-retur.  

Oppheim 
1 time/ hour/ Std.  Fint utsyn over Skånevik.
 
Tjelflaatåsen 
1 time. Starter ved Tjelflaat gard.

 

Rundtur Skånevik - Postvegen - Bøkeskogen - Milje 
Merka sti med skilting.  1 - 1 ½ time.  

 

Taraldsøy
Gode turstiar på langs og tvers av øya.  Frodig og variert blandingsskog med rikt fugleliv.

 

Nokre av rutene er dårleg eller ikkje merka.  For meir informasjon, ta kontakt med turistinformasjonen.

 

 

Gjestehamner

Skånevik Gjestehamn: Sentralt ved sida av ferjekaien.  Bensin, diesel, vann, spilloljetømming.  Pris kr. 40 pr. døgn m/strøm.

Krambua bensin og storkiosk: Sentralt ved kaien i Skånevik. Tlf. 53 75 68 88. Dusj, toalett og vaskemaskin. Bensin, diesel og kiosk.
Havn ca. 1 km frå sentrum. Kontakt Skånevik Båtforening.

 

 

Lurer du på å reise til/flytte til Sunnhordland?

Sjå denne nydelege videoen laga av SIMEON & ZPIRIT for Samarbeidsrådet for Sunnhordland:

Finn oss

Like ved stranda i Skånevik, ei lita bygd i byrjinga av Hardangerfjorden 

 

Ring oss:

537 70 700

  • Facebook Long Shadow

©2016

Grafisk design/tekst av Janne Nerheim

Bakgrunnsillustrasjon: Øivind Hovland

Andre illustrasjonar nytta i arrangement/på Det skjer-sida: Freepik.com