


Strandkaféen er open kvar dag frå 11.00 til 23.00
March 27, 2017
Kafeen er open for alle folk i alle aldrar, og du finn oss bak disken kvar dag frå kl. 11.00 alle dagar! Me har normal kafédrift, men leiger også ut lokalet til ulike høve - konfirmasjon, dåp, navnedag, bursdag, og andre merkedagar i livet. Ta gjerne kontakt angåande ditt arrangement, så vil me strekkje oss langt for å få det slik du ønskjer!
​

Mindful barnebursdag
March 12, 2017
Her i Strandkaféen vil me leggje opp til at barna får foreldras merksemd på sjølve bursdagsfeiringa - så me har laga ein bursdagspakke der me dekkjer og lagar til (du leverer pynt til oss om du vil ha noko personleg), og me ryddar etter festen.
​
På dette viset er det mogeleg å invitere fleire til fest, det vert ikkje noko stress for verken barn eller vaksne, og etter festen kan ein gå heim og nyte eit ryddig hus.
​
Me har gitt dette bursdagskonseptet namnet "mindful barnebursdag" - rett og slett fordi det handlar om å vera til stades i augneblinken, saman med dei ein er glad i.
​
Bursdagspakke 1: Minipizza og brus - 150 kr. pr. barn (alle får kvar sin pizza)
Bursdagspakke 2: Pølse i brød og brus - 150 kr. pr. barn
​
Ta gjerne kontakt om du har andre ønskjer for meny, så lagar me det slik du ønskjer det!
​
NB: Foreldre har ansvar for sjølve gjennomføring av bursdagen, og vaksne må vera til stades heile tida.


